Grønlikaia knytta opp mot middelalderen
Fra "Foreslå navn til nye gater og torg i bydel Gamle Oslo!"
Gå til prosjektet
Eg foreslår at visse namn frå middelalderen, då Noreg hadde kongar som hadde Oslo som tilhaldssta, får namn. Samtidig må man ikkje gløyme kvinnene, dronningane. For eksempel har Harald Hardråde ein plass i Gamlebyen, men ikkje ei gate. Dronninga hans var Ellisiv, som ikkje har namn etter seg i Oslo (men i Stavanger, som den einaste byen). Begge desse kunne fått ei gate etter seg. Det ville også vist til dei historiske banda mellom Skandinavia og Kyiv Rus (dagens Ukraina) der Ellisiv kom frå - hennar namn der var Jelyzaveta. Faren til Ellisiv var den mektigaste herskaren Ukraina har hatt og styrte i over 3 tiår. Hans fire døtre vart alle gifta bort til europeiske kongehus.
Magnus den Gode har ikkje noko gate etter seg i Oslo, han var nevø av Harald Hardråde og son av Olav Haraldsson (den heilage), og var konge rett før Harald Hardråde. (Han har gate oppkalla etter seg i Trondheim). Han var oppfostra i Kyiv Rus samstundes med at Ellisiv vaks opp der. Han flykta frå Noreg til Kyiv, via Sverige, saman med Harald Hardråde etter nederlaget på Stiklestad i 1030, der faren Olav døydde.
Etter Harald Hardråde døydde i slaget ved Stamford bridge i England, vart Olav Kyrre konge av Noreg. Han holdt til i Bergen. Merkeleg nok har han både ei gate og ein markant plass i Oslo - begge på Frogner.
Sonen til Olav Kyrre, Magnus Berrføtt (Barfot på bokmål) har også ei lita gate etter seg, nær farens gate på Frogner.
På Tøyen er det ei rekke gater som er oppkalla etter norske kongar: Sverres gate, Sigurds gate, Eiriks gate, Magnus gate, Håkons gate. Det kunne vore bra å komplettere dette minnet med å bygge ut med enkelte kongar, og dronning, som manglar.
Kommentarer
Det er ikke mulig å kommentere fordi dette prosjektet ikke er aktivt for øyeblikket.
Del
Skrevet av
Nåværende status
Foreslått
Tagger
Historiske og stedegne navn > Middelalder- og tidlig byhistorie
