Separat sykkel- og gangveg langs E6
Fra "Gi innspill til trafikksikkerhetsutfordringer i Gamle Oslo 2026"
Gå til prosjektet
Langs E6, på vestsida, frå Innspurten 11 og nedover til Helsfyr T-banestasjon, er det felles gang- og sykkelveg. Med eit aukande antal brukarar av denne strekninga (som følgje av fleire arbeidsplassar rundt Valle) så blir det mange fleire gåande og syklande. Det er derfor behov for at denne vegen vert splitta i to, dvs utvida med eit felt til. Dagens felt kunne for eksempel forblitt sykkelveg, mens man hadde etablert eit nytt gangfelt lengre bort frå E6, inn mot Skatteetaten og nabobygga til dette, på over- og undersida.
Mange parkeringsplassar ville måtte ryke med denne utvidinga av gangveg, og det er også bra, for man treng å redusere antal parkeringsplassar i området, sidan det er litt for stor biltrafikk inn og ut på E6 ved arbeidsslutt. (Spesielt frå Innspurten og inn på Grenseveien).
Helsfyr Panorama (rett nord for Skatteetaten har dessverre ingen areal inn mot E6 å avgi. Men der kan gangvegen svinge inn, mellom Panorama og Scandic-hotellet, og krysse over plassen foran inngangen til Panorama, opp mot gangvegen på undersida av Innspurten 11.
